Her er noen tilbakemeldinger fra fiskere - sesongen 2006:
Hej Tor, jag heter Lars och har fiskat i Hemsila i 11år, måste bara säga att ni gör ett kanonjobb, tycker älven bara blivit bättre och bätttre nu senaste åren. Jag har fiskat väldigt mycket i svenska og norska fjäll, USA, mm och Hemsila är bland det bästa jag vet. Fiskade 15 dar i somras (uge 27 och 29) och då är det ju glest med fiskare också. Bra jobbat och lycka till med älven i fortsättningen!!!!!!!
---------------------------------------------------
Hei og takk for sist!
Eg er 38 år, og har fiska med fluge sidan eg var sju år gamal, dvs. meir enn 30 år med berre flugestong. Eg har bruka 25 år på å fiske med tørrfluge(imitasjonar) på vakande fisk, men makan til det fisket eg opplevde i Hemsil laurdag 1. og sundag 2. juli har eg knapt vore borti.
Eg fiska laurdag (i området ved Hjelmen) frå 20:00 – 24:00, og eg fekk 7 aurar, der 6 var mellom 1 og 2 kg (største vog 1950gr). Eg tok alle saman på tørrfluge (imitasjon av Ephemera aurivilli). Sundag var eg ute heile dagen, men fiska ikkje før om lag klokka 21:00 – 24:00. Eg stod i mange timar midt på dagen på broi ved vassverket (Krikken), og såg på fisk mellom 1 og 3 kg som litt ”late” berre gjekk i ring på nedsida av broi og inn mot land på den sida som er freda. På kvelden (området ved Løkjislåtta, på brekket ved øyi/halvøyi) fekk eg 5 aurar frå 1 til 3 kg (største vog 2900gr). Eg tok alle saman på tørrfluge (imitasjon av Ephemera aurivilli som klekka og Ephemera danica, eg fekk ikkje fanga nokon eks. men eg rekna med at det var danica, som la egg). Fisken blei særleg aktiv når dei store eggleggande døgnflugene kom om lag 22:00 i brukbare mengder. Eg må leggje til at alle fiskane blei køyrde så hardt det var mogeleg, og at dei vart sette uskadde attende i sitt rette element. Eg fekk stort sett den store gleda av å kunne få fiske heilt åleine, og kunne i ro og fred konsentrere meg på fisket.
Eg måtte bruke fortaum på om lag 10m, 5x spiss (som eg fram til då hadde forlenga i fleire omgangar), og fisken var utruleg sky og vanskeleg. Eg fiska berre på vakande fisk. Ingen andre som eg snakka med hadde lukkast som meg desse dagane. Dei fleste fekk ikkje fisk, på grunn av at fisken var spesielt sky, og grunna relativt lite og ekstra klart vatn.
Dette har vore to av dei finaste fiskedagar i mitt liv, og eg følte trong for å dele opplevinga mi med deg, då di guiding i fjor var ein direkte årsak til at eg lukkast slik som eg gjorde.
Elles så gjer du og dei andre rundt deg ein kjempeflott jobb i Hemsedal, og fisket ville ikkje ha vore så bra viss de ikkje hadde gjort dei nye tiltaka med m.a. freding av visse strekningar, lukke til vidare!
Eg planlegg alt neste tur, saman med gode fiskekameratar ...............
|